Hausten 2018 vert det på nytt oppstart av videreutdanning i sensorimotorisk psykoterapi nivå 1, 2018/2019. Det er RVTS Vest og Solli DPS som arrangerer utdanninga, i samarbeid med Sensorimotor Psychotherapy Institute.

Forskning visar at traume og tidlege tilknytningserfaringar set djupe kroppslege spor. Mens tradisjonell psykoterapi rettar seg mot kognitive og emosjonelle element av slike erfaringar, er fokus for denne utdanninga korleis du kan inkludere kroppen i terapiarbeidet. Sensorimotorisk psykoterapi bygger på ei psykodynamisk grunnlagsforståing og integrerer også element frå kognitiv atferdsterapi, nyare nevrovitskap og tilknytnings- og dissosiasjonsteori. Mindfulness er sentral i tilnærminga.
Tony Buckley og Esther Perez frå Sensorimotor Psychotherapy Institute er førelesarar på utdanninga, og det er Sylvi R. Fiskerstrand og Bente Aa. Gjestad som har teke initiativ til å få utdanninga til Bergen. Dette er andre gongen den anerkjente og populære utdanninga vert tilbudt i vår del av landet.

Les meir om utdanninga og send søknad om å delta.